Hovudsakar

Prikkfritt tå Bråtastul i helga.

Vekas viktigaste sakar

6 – 3 = 0 + Lien = Opprør

Bråtasprintløpet – 2011

Prikkfritt tå Bråtastul i helga.

Posted in: Uncategorized | Kommentarar (0)

Sigurd Bråtastul frå Heddal vann i helga “Bråtasprintløpet 2011″. Han sprang inn på ei vinnartid på 3.73.
av Jånulf Sprettskvetten

Prikkfri fekk trøbbel.
Saulendingen Gregor Prikkfri fekk trøbbel med stokken sin på innspurten då stokken heilt plutseleg vart burte i det han var bakom ei røys. Det må ha hendt noko heilt vilt baki røysa fe ikkje nok me at Gregor knakk stokken i to, men han halta og hadde eit saftig blåauge når han kom i mål. Han gjekk rett te sekreteriatet fe å søå noko som me ikkje vi gjenta her fe å skapa dårleg stemning. Gregor Prikkfri sprang allikavel inn på tida 4.01 som va ei personleg bestenotering og som låg an te å bli vinnartida. Men det var fyri Sigurd hadde tatt beina fatt.

Heilt sjuk vinnartid.
Sigurd Bråtastul klukka inn på 3.73, som i og for seg e småvilt i å med at det berre e 60 sekundar i eit heddalminutt. Men det visa seg at det vart noko trøbbel med klukka te sekretariatet rett fyri Sigurd sku springa. Kona te Sigurd (Bodil, red. anm) gjekk då å henta klukka ho hadde fengje a far sin som han hadde fengje i Nord-Trøndelag under krigen. Den visa seg å vørå svært verdifull og av høg affeksjonsverdi.

Gregor Prikkfri e langt fra fenøgd.

Sjølv om Gregor Prikkfri meinte tia måtte strykast i å med at tida ikkje helt mål, så var det ikkje mange som va einige. Ei tirade a ukvemsord og ytringar (som me ikkje vi gjentaka her) retta mot Bodil, Sigurd og ikkje minst klukka te far te Bodil, fekk Bodil te å bryta saman og gret høglytt og dramatisk. Sekretariatet tok detta sterkt inn på seg å valgte dife å sjå burt frå Gregors ytringar.

Prikkfri innviterar te kamp.
I lys a hendingane og medaljune (Elle pengane te vinnaren, ingenting te dei andre) innvitera Gregor Prikkfri te omkamp i Sauland neste månad. Sigurd Bråtastul måtte ha betenkningstid men etter å he konferera me Heddølens sportsjournalist (Jånulf Sprettskvetten, det e meg, jada, red.anm) så vart me einige om å ikkje dekka saka og Sigurd kjem te å delta.

Heddølen gratulerar!

heddolen @ October 31, 2011

Vekas viktigaste sakar

Posted in: Kultur, Utanriks | Kommentarar (3)

Ei lang å strøkjen veke e snart unnagjort å me vi sjå på dei viktigaste hendingane denne veka.
av Jånulf Sprettskvetten.

Mondag:
Det va ei tøff start på uka fe Gudfrid Småli som upplevde at Stivibua ikkje lenger va Stivibu, men va gjort om te brukthandel. Gudfrid skriv i ei sms te Heddølen: “Eg va upprøyrd, febanna å lyst på sukker te kaffen. Når dei står å prekar om misjonærstillinga så bli det ikkje meir søtt fe mi skuld. Nokon ting må me fe lov te å halde fe kånn sjølv.” Heddølen he forsøka å få ei kommentar frå bruktmisjonærane, men det visa seg vanskelegare enn fyst tenkt.
Heddølen gratulerar.

Svanhild Vonbroten

Tysdag:
Svanhild Vonbroten va godt fenøgd me hjølpa ho fekk på Vaa Diesel Auto. Ho sku fylla på noko spyleveske men fekk full overhaling (og då snakkar me ikkje om bilen, Red. anm)

Onsdag:
Det va tekn te opprør på garden Grendestulen då trillingane Vinge satt i gang med eit lite eksperiment. Vinge-trillingane ynskjar å sjå om det e mogleg å parra ei hoppe med ein V8’er dei he ståands. Dei kreative eksentrikarane e alltid på utkikk etter nye moglegheitar fe å få fleire hestekreftar inn i den alldeles uttyna gamle A-forden dei brukar te å frakte klientar som he takka nei te ulike formar fe tebod, ut a bygda.
Trillingane seier følgjande i eit notat te Heddølen: “Me syns at skeptikarar kan ikke fengjast fort nok ut tå Heddal. Heddal e ei naivoptimistisk gladbygd som ikkje e tjent på nokon måte me Nei-menneskje. Om det vørå seg slik at me må då køyra i honner-å-hællvett langs Heddalsvegen så reknar me med at lensmann tykkjer det e topp!”.
Lensmann Torleiv Groven syns Vinge e ein sterk bidragar te å helde Heddal som ei blid og fenøgd bygd. “Utan Vinge-trillingane hadde Heddal sett ut som Gransherad.”
Heddølen gratulerar me vellykka eksperiment.

Torsdag:
Revyen Berre Jens startar øvingane te julas forestellingar denne veka. Revyartist Jørn Sorgen e godt fenøgd me materialet dei he skaffe seg. “Det e heilt vannvittig mykje moro ein kan ha det med alt som hendar på Rotodden. Ordførar-tull, Bok og blueshus som mest lignar ei grue i Heddal og ikkje minst været.”

Heddølen ynskjar elle involvera lukke te og gratulerar.

Revyartist - Jørn Sorgen


Fredag:
Kyrkjekaffen på fredag vart ei morosam affære då to saulendingar kom ramlans inn dynna og spurte om dei hadde te. Som me elle veit e Saulendingar ikkje dei flinkaste te å nytte seg tå Guds hus. Då dei på toppen av det heile kjem te kyrkja i anledning kyrkjekaffe, og spørr om te, e det klart det vart tumultar. Prost i Heddal, Ambros Thalleivson, tok mausern frå under kjortelen (som han he fengje spesiallaga tå ein kamp-prost frå den franske fremmedlegionen) å skaut i taket så kyrkjeklokkun klang langt utti natta. Saulendingane la på sprang og vart fulgt ut a Heddal kyrkjesogn tå 37 frivilluge “hjelparar”. Det ryktas at Saulendingane e lagt inn på langtidsopphold på Tuddal høgfjellshotel og spa fe restitusjon og gjenatreising då dei kom heim smått forskremt, utan skor og kaffetyste som få.

Heddølen ynskjar alle lukke te og gratulerar Saulendingane

heddolen @ October 29, 2011

6 – 3 = 0 + Lien = Opprør

Posted in: Utanriks | Kommentarar (1)

Telens hovedkvarter

Lokalavisa te Notodden (Telen, red.anm) gjeng høgst sannsynlig fra å vørå ei 6-dagars avis te 3-dagars notis.
av politisk kommentator Fredrik R. Prost

Betre avis, leveleg fe fluun.
Dei hevdar ved å gjera avisa mykje mindre og berre koma tre gonger i veka så vi det redusera antall ord som må skrivast. Ein slik reduksjon e gode fe redaksjonen. “Då kan me sutta på kamferdrops og spølå på Heddølens lottotall mykje meir enn før (oversatt te nynorsk, red)”, seier sportsjournalist Jenny Svik. “Me ser at Heddølen he gjort stor suksess me å satse knallhardt på verdsveven og me likar også slike verdsvev-sidur, kanskje meir enn å få sverte på fingra. Sjølv om det e enklare me ei papiravis når du må slå flugur.” 

Lien e febanna!
LO-leiar Alexander Lien e mildt sagt febanna og ynskjar å slå ring om Telen. Han oppmonar te demonstrasjonstog og sterkt oppmøte utafe Telens redaksjon i kveld. Lien burde vell strengt tatt sjekka klukka før han sende ut ei slik invitasjon, fe te Telen seier han: “Nå mobliserer jeg for fullt. Jeg har invitert politisk ledelse og kulturfolk i kommunen, og håper alle som bryr seg om at Telen skal bestå som en en seksdagers avis stiller foran Telen torsdag kveld”. Men dei som he vore borti Telen veit at dei gjeng heim klukka 3, då e det jo annonsering a lotto’n frå Heddølen.

Abbonentar fersvinn.
Fleire a telens abbonentar som Heddølen he vore i kontakt med seier dei vi seie up Telen om den ikkje kjem heile veka. “Eg likar Telen, men om den ikkje kjem ut kvar dag vil eg helle skriva ut Heddølen fe å slå flugur å bruka som liggjeunderlag når eg skrur på bilen. Telen he vore fin slik, tynn nok te at den ikkje isolerar noko særleg. Eg he nemleg dårlig føling i fua etter ei arbeidsuløkke på jernverket i si tid.”, seier Tommy, som ikkje ville ha etternavnet sitt på trykk.

Heddølen gratulerær.
Heddølen gratulerar elle involvera og ynskjer dei lukke te!

Takk.

Værsjågo.

heddolen @ October 27, 2011

Bråtasprintløpet – 2011

Posted in: Sport | Kommentarar (0)

Bråtastulen gard1317 meter sprint blir arrangerea på storgarden Bråtastulen te helgja.
Det e venta stort uppmøte å de e allereie påmelde 17 deltakarar.
Av sportskommentator Jånulf Sprettskvetten.

Uskikkelege trillingar frå Gvarv.
Som vanleg må påmelde sende med foto slik at domaranane kan lære seg anlete-trekka te dei ulike utøverane.
Denne regelen i Bråtasprintløpet ble vedtatt etter at eit sett trillingar frå Gvarv vann løpet fe to år sia. Men det viste seg seinare at dei hadde byta om når dei runda småstoga ve Bråtastulen. Ei ubservang bestemor som ikkje viste nokon ting om løpet, fordi ho e døv, fann dei to som venta bak småstoga. Ho va overbevist om at dei va tjuvraddar å klina te båe to me stokken.

Dommaranane (som dei likar å kalde seg) reagera på at utøvaren frå Gvarv kom ei runde med strøkjent anlete, neste gong med ei blåveis på høgre sia a tryne å te sisteetappa ei nase som sto i alle kantar.

Dei vart seinare diskvalifisera å de vart Sigurd Bråtastul (arrangør) som te slutt vann løpet då han sprang inn på tia 4.17.

Sprintar frå Sauland - Gregor Prikkfri

Prikkfri gjenomgång.
Ein løpar de vi bli via ekstra mykje merksemd te e Saulands Gregor Prikkfri.
Han ha i følgje særdeles usikre kildur sprunge 1419 meter (som e rundt vatnet i Sauland) på 4.38.

Om Sigurd Bråtastul ska ha moglegheit te å ta ein “hættrikk” å kapre tre seierar på rad, må han springje de ein e go fe.

Heddølen ynskjer alle Heddølær lykke te å måtte den beste frå Heddal vinne.

Heddølens innleide sportsjournalist Torolv Åreknuten vi rapportera frå hendinga i neste veke.

heddolen @ October 27, 2011

Torfrid Prost kommenterar situasjonen i Iran

Posted in: Kultur, Utanriks | Kommentarar (0)

Stortenkjaren Torfrid Prost ser likheitstrekk myllom den anspennde situasjonen i Iran og ei felestreng.
av Torstein Krute

“Situasjonen i Iran e spend som ei felestreng”
, uttalar Prost te Teledølen då me spurde stortenkjaren og sportfiskaren om ein kommentar.
“Spend som ein oppslått paraply altså”, konne han suplementera.

“Det e prostedømet som driv gjøn me folket i Iran, akkurat som Ambros Prost, far min, gjorde me Heddølane på 90-talet då me fekk fargefjernsynet. Men han skjøna at Heddølane va klinkande klare på at dei ville sjå Hjallis gå 400 meter skøyter i 1993 i fleire a regnbogens fargar, så farge på fjernsynet blei det!”, bekreftar Torfrid.

“Men Hjallis havna jo på kjøret…”, fortsett stortenkjaren.

“Men hått meiner du om situasjonen i iran?”

“Eg trur det kan hende ordnar seg me ein gong folk sett seg ned me kaffikoppen og suttar litt på kamferdropset. Når ein suttar på kamferdropset, så e det som kjend vanleg at folk finn gode løysningar – sjå te dømes på Norsk Hydro. Sam Eyde signera storkontraktane me kamferdrops han sutta på te kaffin, ei garanti fe at storkontrakta forespeila ei god løysning. “

“Kan du kommentera litt klarare hått du trur om situasjonen i Iran?”

“Eg veit det som sikkert, at det ikkje e lett å spølå på berre ei felestreng – særs ei som ikkje e spennd. Så om ein berre he ei einaste felestreng, så e det i kvart fall viktig at ho e spennd om ein vi ha noko utbytte. Ellers kan ein jo berre bruke ei hyssing. Det va hesten te Tov Murukleiv hugsar eg – spennd altså. Ho va så spennd at ho ramla ut i fossen og daua. Det ekkje alltid bra å vørå spennd altså. “

“Du sett likhetsteikn myllom Iran og ei hest som he ramla ut i fossen?”

“Ja. Det kan du seie. Men, kan hende minnar det meir om Sam Eyde som suttar på kamferdropset.”

“Me takkar fe intervjuet.”

heddolen @ October 27, 2011

Saueslaktarrennet – 2011

Posted in: Kultur, Sport | Kommentarar (0)

Tollulv og Peter Hardang

Det va antydning te panikk på Tolleiv Gard da Tollulv og Peder Hardang arrangera årets “Saueslakterennet” i lag med Heddal I.L.
Av Jarand Rui

Store jamvel små i Heddal samla seg denne helga på Tolleiv Gard i annledning Saueslakterennet 2011.
Det kan ikkje benektas at fleire a dei oppmøtte va meir en berre glad – i tradisjon tro kom Ola Hardang med traktor og tihenger fylt opp med dunkar fylt me “heimelågå krutt”.

Tradisjonar.
Det tradisjonsrike saueslakterennet starta i år, som åra fyre, oppe ve det store bjørketreet bak låven på Hardang gard. Det va i alt 11 lag som stod klare på startstreken då klokka næra seg 12:00. Prost Ambros Thalleivson retta så mausern mot ein tilfedlig sau og på minuttet 12:00, fyrde a eit skot. Og i tradisjon tro startar ikkje rennet fyre sauen e dau som bebuarane på eigedomen te Heddal stavkyrkje.
Reglane e som åra fyre – to personar per lag dreg ei sau i ei oppvaskbytte frå bjørketreet bak låven og dei 500 metrane ne te standplass, der Heddal skiskytarlag stenn klare me ei kasse dynamitt og ei hagle per lag. Kvart lag slepp så saua si ut på beitet fyre standplass, der den eine på laget tek kontroll yve hagla mens den andre tek ansvaret fe dynamitten. Og det e nå moro startar.

Dau sau.
Vinnaren a konkurransen e det laget som sitt att med ei dau sau. Men dettan ekkje rett fram. Personen på laget som he hagla, må ut på beitemarka fe å jage kvar si sau. Men jamvel som at det flyg 11 stykkje me hagle rondt på beitemarka, så stenn dei resterande på laga att på standplass med ei kasse med dynamitt kvar. Dei e såkalla “sabotørar”, og he som uppgåve å sprenge dei andre lagas sauar i fillebitar, slik at eins eige lag sit att med ei dau sau som ikkje e sprengd i fillebitar.

Kaste vann ikkje eigentleg.
Årets vinnarar va som vanleg Tovulv og Lars Kaste. Med hagla viste Tovulv Kaste kløkt då han me ei ny og god taktikk, valde å skote dei andre deltakarene fyre han konsentrera seg om sauen. På standplass hadde Lars Kaste allereie planta ei påtend dynamitt i kvar a kassene te dei andre “sabotørane”. Men med begrunning i ei spesialparagraf 3.2 frå 1833, valde dommerpanelet å skote eit par tilskuarar som ikkje va frå Heddal. Det visa seg at dei va frå Sauland. Og sida Tovulv og Lars Kaste enno ikkje hadde fått hass på sauen sin på dettan tidspunktet, erklæra dommerpanelet seg sjølv som vinnarar.

Manar te gjentagelse.
Dommarpanelet klappa, og tilskuarane jubla – fjorårets vinnarar a “Saueslakterennet” vann i år au. Det vart feira gjønom heile nåtta, og lensmann Torleiv Groven konne melde om at også denne helga vart lennsmanskontoret påtend. “Eg set pris på oppmerksomheita”, uttalar Groven te Heddølen måndag morgon.

 

heddolen @ October 24, 2011

“Ska ikkje måtte knipe at”

Posted in: Kultur | Kommentarar (0)

Badegjestun ved Svingen ska ikkje måtte knipe at om dei må på do seier Asgeir Tovmyr.
Av kulturjournalist Gjermund Gamperoa

Toaletta kjem

heddolen @ October 18, 2011

Budsjettflause på “Rotodden”

Posted in: Utanriks | Kommentarar (0)

Notodden formannskap vedtok i hjår å kutte 2,6 mill frå Notodden-skulane frå fyste august i år.”Sjå te Heddal!”, seier ordførar i Heddal kommune, Asgeir Tovmyr.
av utanriksreportar Stein Grånbekken.

Det va eit litt ampert og uroleg fleirtal som pressa seg te å stemme fe 2,6 millionar reduksjon i Notodden-skulanes årsbudsjett. “Me ser at her må re kuttas litt”, konne Ødegård bekrefte i debatten i hjår.”Det ekkje sikkert me må kutte 9,9 lærarstillingar, fe 9,9 kan ikkje delas opp i heile enheitar”, kunne matematikklærar og rådgjevar innleid frå Gvarv stolt suplementera. “Muleg me kuttar 9 lærarstillingar i stan, så fær me hell kutte 0,9 millionar på vikarar, songhefte og kaffi”.

Nedprioritering a skule og eldreomsorg he vore ein fanesak fe fleirtalskoallisjonen i Notodden kommune, og nå fær dei endeleg gjennomslag fe det au.

“Me he jaggu stått på fe ei nedprioritering a skule og eldreomsorg i fleire år nå, og nå fekk me det jaggu som me ville”, forklarar Ødegård.

“Det he jo vore gruleg mykje kakespising på møta i Notodden kommune dei siste åra; det ekkje rart det måtte gå som det nå gjeng”, seier Hedddølens politiske kommentator. “Eg trur vel kanskje ein må se litt tebake i ti her. Notodden kommune he jo lenge vore sugen på eit landemerke som kan pryde byen, slik me he så mange a her i Heddal. Ja, det he vel vore ein misunning frå dag ein, i frå Notodden kommune si side. Dei he jo den såkalla Vannkanten da seru, som dei nå he påkoste fleir titals millionar fe å få fin. Ein kan vel trygt seie at Vannkanten-prosjektet ikkje akkurat enna på ein innertiar. Utan å gå i detaljane, så stenn det klart fe kånn Heddølar at økonomiproblemane i Notodden kommune e ei indirekte årsak a feilinvesteringar å mangel av klare og presise planar. Slik e det heldigvis ikkje her i Heddal. Urutinert esså.”, svårår kommunearkitet Jonas Bjelke te Heddølen på telefon i dag.

Notodden kommune he som vane å gå på budsjettsmellar. På eit tidspunkt tok økonomirådgjevar Torodd Rolvsen i Heddal kommune kontakt me Notodden kommune fe å få ei klargjering i om det kan hende va mangelen på realskule-kompetanse i kommunen som va problemet.

“Det e ikkje rart at Notodden kommune ikkje klarar å rekne budsjetta rækti når dei fader ikkje he lærarar te å lære upp dei framtidige ordførarane i enkel addisjon og substraksjon!”, svårå Rolvsen skarpt då me ringd’n i hjår fe å få ein kommentar.

“Sjå te Heddal!”, va rådet te Notodde kommune frå ordføraren i Heddal, då me møtt’n på Strupa massasjebad i dag. “Du kan søyå re slik – ja, eg e ordførar i Heddal. Men som elle andre Heddølar, så må eg få tåkå meg eit glas vin og eit bøble-bad i arbeidstida. Men det e fe de at me he styr på kommunen kånns, og ikkje treng å  kutte budsjett – de he me meir enn nok a her!”, va avsluttande kommentar frå  ordførar i Heddal, Asgeir Tovmyr.

heddolen @ August 21, 2011

Bom te besvær

Posted in: Sport | Kommentarar (0)

“Neida” seier Jørulf Sykkulvlia.
av sportskommentator Jånulv Sprettskvetten

Han refererar te bommen ve stavkyrkja i Heddal. Ungar å vaksne e redd fe at det snart vi hende ei uløkke.
“Det plogar å væra slik at om me syklar fleire ihop, te elle frå skulen, så pratar me litt å slikt. Då hender det vel at me sjår kånn te sia fe å prate me innan – å plutseleg så gløymer me at bommen stend der” (øversatt te nynorsk Red.anm), seier Jon A. Ryen, elev ve Rygi skule

“Høtte fe stut ere som ikkje he augo på vegen når ein syklar?” seier elitesyklist Jørulf Sykkulvlia.

“Om en ikkje fylgjer me på vegen så ere ikkje gått å seie høtt som kan hende.”

Sykkulvlia he berre goe erfaringar me bommen, å meinar at de ville væra trist om eit slikt kulturminne blei fjerna.

Jørulf Sykkulvlia tek teten når utøvaren frå Bø, stupar yvi bommen.

“Heddal å omegn rundt, 1973, hugsar du det?” Spør Jørulf.

“Målpasseringa va inn porten te stavkyrkja. Hadde det ikkje vore fe bommen hadde Bøhæringen Asbjørn Hjukse vunne heile løpet. Eg va heilt tømd 200 meter fyri spurten. Men eg hugsa at bommen sto der. Difor pressa eg meg upp på sia te’n att, fekk heldigvis lagt meg te rette å berre venta på at bommen sku kome.”

Ja me hugsar elle håssen det gjekk. Jørulf Sykkulven vann løpet 2 minutt føre Gvarvianærn Sjor Punga. Asbjørn Hjukse havna på tredde plass då han fekk børåhjølp dei siste 100 metra a fire Bøheringær som sto å såg på.

Me ynskjer Jørulf Sykkulvlia lukke te i “Heddal å omegn rundt 2012″.

heddolen @ July 13, 2011