Archive for the ‘Sport’ Category

Bråtasprintløpet – 2011

Thursday, October 27th, 2011

Bråtastulen gard1317 meter sprint blir arrangerea på storgarden Bråtastulen te helgja.
Det e venta stort uppmøte å de e allereie påmelde 17 deltakarar.
Av sportskommentator Jånulf Sprettskvetten.

Uskikkelege trillingar frå Gvarv.
Som vanleg må påmelde sende med foto slik at domaranane kan lære seg anlete-trekka te dei ulike utøverane.
Denne regelen i Bråtasprintløpet ble vedtatt etter at eit sett trillingar frå Gvarv vann løpet fe to år sia. Men det viste seg seinare at dei hadde byta om når dei runda småstoga ve Bråtastulen. Ei ubservang bestemor som ikkje viste nokon ting om løpet, fordi ho e døv, fann dei to som venta bak småstoga. Ho va overbevist om at dei va tjuvraddar å klina te båe to me stokken.

Dommaranane (som dei likar å kalde seg) reagera på at utøvaren frå Gvarv kom ei runde med strøkjent anlete, neste gong med ei blåveis på høgre sia a tryne å te sisteetappa ei nase som sto i alle kantar.

Dei vart seinare diskvalifisera å de vart Sigurd Bråtastul (arrangør) som te slutt vann løpet då han sprang inn på tia 4.17.

Sprintar frå Sauland - Gregor Prikkfri

Prikkfri gjenomgång.
Ein løpar de vi bli via ekstra mykje merksemd te e Saulands Gregor Prikkfri.
Han ha i følgje særdeles usikre kildur sprunge 1419 meter (som e rundt vatnet i Sauland) på 4.38.

Om Sigurd Bråtastul ska ha moglegheit te å ta ein “hættrikk” å kapre tre seierar på rad, må han springje de ein e go fe.

Heddølen ynskjer alle Heddølær lykke te å måtte den beste frå Heddal vinne.

Heddølens innleide sportsjournalist Torolv Åreknuten vi rapportera frå hendinga i neste veke.

Saueslaktarrennet – 2011

Monday, October 24th, 2011

Tollulv og Peter Hardang

Det va antydning te panikk på Tolleiv Gard da Tollulv og Peder Hardang arrangera årets “Saueslakterennet” i lag med Heddal I.L.
Av Jarand Rui

Store jamvel små i Heddal samla seg denne helga på Tolleiv Gard i annledning Saueslakterennet 2011.
Det kan ikkje benektas at fleire a dei oppmøtte va meir en berre glad – i tradisjon tro kom Ola Hardang med traktor og tihenger fylt opp med dunkar fylt me “heimelågå krutt”.

Tradisjonar.
Det tradisjonsrike saueslakterennet starta i år, som åra fyre, oppe ve det store bjørketreet bak låven på Hardang gard. Det va i alt 11 lag som stod klare på startstreken då klokka næra seg 12:00. Prost Ambros Thalleivson retta så mausern mot ein tilfedlig sau og på minuttet 12:00, fyrde a eit skot. Og i tradisjon tro startar ikkje rennet fyre sauen e dau som bebuarane på eigedomen te Heddal stavkyrkje.
Reglane e som åra fyre – to personar per lag dreg ei sau i ei oppvaskbytte frå bjørketreet bak låven og dei 500 metrane ne te standplass, der Heddal skiskytarlag stenn klare me ei kasse dynamitt og ei hagle per lag. Kvart lag slepp så saua si ut på beitet fyre standplass, der den eine på laget tek kontroll yve hagla mens den andre tek ansvaret fe dynamitten. Og det e nå moro startar.

Dau sau.
Vinnaren a konkurransen e det laget som sitt att med ei dau sau. Men dettan ekkje rett fram. Personen på laget som he hagla, må ut på beitemarka fe å jage kvar si sau. Men jamvel som at det flyg 11 stykkje me hagle rondt på beitemarka, så stenn dei resterande på laga att på standplass med ei kasse med dynamitt kvar. Dei e såkalla “sabotørar”, og he som uppgåve å sprenge dei andre lagas sauar i fillebitar, slik at eins eige lag sit att med ei dau sau som ikkje e sprengd i fillebitar.

Kaste vann ikkje eigentleg.
Årets vinnarar va som vanleg Tovulv og Lars Kaste. Med hagla viste Tovulv Kaste kløkt då han me ei ny og god taktikk, valde å skote dei andre deltakarene fyre han konsentrera seg om sauen. På standplass hadde Lars Kaste allereie planta ei påtend dynamitt i kvar a kassene te dei andre “sabotørane”. Men med begrunning i ei spesialparagraf 3.2 frå 1833, valde dommerpanelet å skote eit par tilskuarar som ikkje va frå Heddal. Det visa seg at dei va frå Sauland. Og sida Tovulv og Lars Kaste enno ikkje hadde fått hass på sauen sin på dettan tidspunktet, erklæra dommerpanelet seg sjølv som vinnarar.

Manar te gjentagelse.
Dommarpanelet klappa, og tilskuarane jubla – fjorårets vinnarar a “Saueslakterennet” vann i år au. Det vart feira gjønom heile nåtta, og lensmann Torleiv Groven konne melde om at også denne helga vart lennsmanskontoret påtend. “Eg set pris på oppmerksomheita”, uttalar Groven te Heddølen måndag morgon.

 

Bom te besvær

Wednesday, July 13th, 2011

“Neida” seier Jørulf Sykkulvlia.
av sportskommentator Jånulv Sprettskvetten

Han refererar te bommen ve stavkyrkja i Heddal. Ungar å vaksne e redd fe at det snart vi hende ei uløkke.
“Det plogar å væra slik at om me syklar fleire ihop, te elle frå skulen, så pratar me litt å slikt. Då hender det vel at me sjår kånn te sia fe å prate me innan – å plutseleg så gløymer me at bommen stend der” (øversatt te nynorsk Red.anm), seier Jon A. Ryen, elev ve Rygi skule

“Høtte fe stut ere som ikkje he augo på vegen når ein syklar?” seier elitesyklist Jørulf Sykkulvlia.

“Om en ikkje fylgjer me på vegen så ere ikkje gått å seie høtt som kan hende.”

Sykkulvlia he berre goe erfaringar me bommen, å meinar at de ville væra trist om eit slikt kulturminne blei fjerna.

Jørulf Sykkulvlia tek teten når utøvaren frå Bø, stupar yvi bommen.

“Heddal å omegn rundt, 1973, hugsar du det?” Spør Jørulf.

“Målpasseringa va inn porten te stavkyrkja. Hadde det ikkje vore fe bommen hadde Bøhæringen Asbjørn Hjukse vunne heile løpet. Eg va heilt tømd 200 meter fyri spurten. Men eg hugsa at bommen sto der. Difor pressa eg meg upp på sia te’n att, fekk heldigvis lagt meg te rette å berre venta på at bommen sku kome.”

Ja me hugsar elle håssen det gjekk. Jørulf Sykkulven vann løpet 2 minutt føre Gvarvianærn Sjor Punga. Asbjørn Hjukse havna på tredde plass då han fekk børåhjølp dei siste 100 metra a fire Bøheringær som sto å såg på.

Me ynskjer Jørulf Sykkulvlia lukke te i “Heddal å omegn rundt 2012″.