Vekas viktigaste sakar

Ei lang å strøkjen veke e snart unnagjort å me vi sjå på dei viktigaste hendingane denne veka.
av Jånulf Sprettskvetten.

Mondag:
Det va ei tøff start på uka fe Gudfrid Småli som upplevde at Stivibua ikkje lenger va Stivibu, men va gjort om te brukthandel. Gudfrid skriv i ei sms te Heddølen: “Eg va upprøyrd, febanna å lyst på sukker te kaffen. Når dei står å prekar om misjonærstillinga så bli det ikkje meir søtt fe mi skuld. Nokon ting må me fe lov te å halde fe kånn sjølv.” Heddølen he forsøka å få ei kommentar frå bruktmisjonærane, men det visa seg vanskelegare enn fyst tenkt.
Heddølen gratulerar.

Svanhild Vonbroten

Tysdag:
Svanhild Vonbroten va godt fenøgd me hjølpa ho fekk på Vaa Diesel Auto. Ho sku fylla på noko spyleveske men fekk full overhaling (og då snakkar me ikkje om bilen, Red. anm)

Onsdag:
Det va tekn te opprør på garden Grendestulen då trillingane Vinge satt i gang med eit lite eksperiment. Vinge-trillingane ynskjar å sjå om det e mogleg å parra ei hoppe med ein V8’er dei he ståands. Dei kreative eksentrikarane e alltid på utkikk etter nye moglegheitar fe å få fleire hestekreftar inn i den alldeles uttyna gamle A-forden dei brukar te å frakte klientar som he takka nei te ulike formar fe tebod, ut a bygda.
Trillingane seier følgjande i eit notat te Heddølen: “Me syns at skeptikarar kan ikke fengjast fort nok ut tå Heddal. Heddal e ei naivoptimistisk gladbygd som ikkje e tjent på nokon måte me Nei-menneskje. Om det vørå seg slik at me må då køyra i honner-å-hællvett langs Heddalsvegen så reknar me med at lensmann tykkjer det e topp!”.
Lensmann Torleiv Groven syns Vinge e ein sterk bidragar te å helde Heddal som ei blid og fenøgd bygd. “Utan Vinge-trillingane hadde Heddal sett ut som Gransherad.”
Heddølen gratulerar me vellykka eksperiment.

Torsdag:
Revyen Berre Jens startar øvingane te julas forestellingar denne veka. Revyartist Jørn Sorgen e godt fenøgd me materialet dei he skaffe seg. “Det e heilt vannvittig mykje moro ein kan ha det med alt som hendar på Rotodden. Ordførar-tull, Bok og blueshus som mest lignar ei grue i Heddal og ikkje minst været.”

Heddølen ynskjar elle involvera lukke te og gratulerar.

Revyartist - Jørn Sorgen


Fredag:
Kyrkjekaffen på fredag vart ei morosam affære då to saulendingar kom ramlans inn dynna og spurte om dei hadde te. Som me elle veit e Saulendingar ikkje dei flinkaste te å nytte seg tå Guds hus. Då dei på toppen av det heile kjem te kyrkja i anledning kyrkjekaffe, og spørr om te, e det klart det vart tumultar. Prost i Heddal, Ambros Thalleivson, tok mausern frå under kjortelen (som han he fengje spesiallaga tå ein kamp-prost frå den franske fremmedlegionen) å skaut i taket så kyrkjeklokkun klang langt utti natta. Saulendingane la på sprang og vart fulgt ut a Heddal kyrkjesogn tå 37 frivilluge “hjelparar”. Det ryktas at Saulendingane e lagt inn på langtidsopphold på Tuddal høgfjellshotel og spa fe restitusjon og gjenatreising då dei kom heim smått forskremt, utan skor og kaffetyste som få.

Heddølen ynskjar alle lukke te og gratulerar Saulendingane


3 meiningar to “Vekas viktigaste sakar”

  1. Torry Ruigard says:

    Hei Heddølen,

    eg vi bare få søjå det at eg va ein tur på Tuven Kassett og Songhefte i forrige veke. Fytti å gode prisar esså!

    Hei!

    • Kvantum Songhefte says:

      Hei Heddølen,

      eg vi gjønne protestere på den forrige kommentaren. Dettan e heilt klart snikreklame fe Tuven Kassett og Songhefte.

      Ta heller ein tur til:

      Kvantum Songhefte – “Songhefte fe penga og livet!”

      God kveld!

      • heddolen says:

        No må me helde meiningar som meiningar og reklame som reklame. Om dykk e interessera i å reklamera fe kassettar kan me nok ordne ei slik spaltefelt fe dykk på ein tå sidun her.

        Lukke te..

        Heddølen gratulerar.

Legg at ei ytring