Torfrid Prost kommenterar situasjonen i Iran

Stortenkjaren Torfrid Prost ser likheitstrekk myllom den anspennde situasjonen i Iran og ei felestreng.
av Torstein Krute

“Situasjonen i Iran e spend som ei felestreng”
, uttalar Prost te Teledølen då me spurde stortenkjaren og sportfiskaren om ein kommentar.
“Spend som ein oppslått paraply altså”, konne han suplementera.

“Det e prostedømet som driv gjøn me folket i Iran, akkurat som Ambros Prost, far min, gjorde me Heddølane på 90-talet då me fekk fargefjernsynet. Men han skjøna at Heddølane va klinkande klare på at dei ville sjå Hjallis gå 400 meter skøyter i 1993 i fleire a regnbogens fargar, så farge på fjernsynet blei det!”, bekreftar Torfrid.

“Men Hjallis havna jo på kjøret…”, fortsett stortenkjaren.

“Men hått meiner du om situasjonen i iran?”

“Eg trur det kan hende ordnar seg me ein gong folk sett seg ned me kaffikoppen og suttar litt på kamferdropset. Når ein suttar på kamferdropset, så e det som kjend vanleg at folk finn gode løysningar – sjå te dømes på Norsk Hydro. Sam Eyde signera storkontraktane me kamferdrops han sutta på te kaffin, ei garanti fe at storkontrakta forespeila ei god løysning. “

“Kan du kommentera litt klarare hått du trur om situasjonen i Iran?”

“Eg veit det som sikkert, at det ikkje e lett å spølå på berre ei felestreng – særs ei som ikkje e spennd. Så om ein berre he ei einaste felestreng, så e det i kvart fall viktig at ho e spennd om ein vi ha noko utbytte. Ellers kan ein jo berre bruke ei hyssing. Det va hesten te Tov Murukleiv hugsar eg – spennd altså. Ho va så spennd at ho ramla ut i fossen og daua. Det ekkje alltid bra å vørå spennd altså. “

“Du sett likhetsteikn myllom Iran og ei hest som he ramla ut i fossen?”

“Ja. Det kan du seie. Men, kan hende minnar det meir om Sam Eyde som suttar på kamferdropset.”

“Me takkar fe intervjuet.”


Inga meiningar e ytra.

Legg at ei ytring