Bråtasprintløpet – 2011

Bråtastulen gard1317 meter sprint blir arrangerea på storgarden Bråtastulen te helgja.
Det e venta stort uppmøte å de e allereie påmelde 17 deltakarar.
Av sportskommentator Jånulf Sprettskvetten.

Uskikkelege trillingar frå Gvarv.
Som vanleg må påmelde sende med foto slik at domaranane kan lære seg anlete-trekka te dei ulike utøverane.
Denne regelen i Bråtasprintløpet ble vedtatt etter at eit sett trillingar frå Gvarv vann løpet fe to år sia. Men det viste seg seinare at dei hadde byta om når dei runda småstoga ve Bråtastulen. Ei ubservang bestemor som ikkje viste nokon ting om løpet, fordi ho e døv, fann dei to som venta bak småstoga. Ho va overbevist om at dei va tjuvraddar å klina te båe to me stokken.

Dommaranane (som dei likar å kalde seg) reagera på at utøvaren frå Gvarv kom ei runde med strøkjent anlete, neste gong med ei blåveis på høgre sia a tryne å te sisteetappa ei nase som sto i alle kantar.

Dei vart seinare diskvalifisera å de vart Sigurd Bråtastul (arrangør) som te slutt vann løpet då han sprang inn på tia 4.17.

Sprintar frå Sauland - Gregor Prikkfri

Prikkfri gjenomgång.
Ein løpar de vi bli via ekstra mykje merksemd te e Saulands Gregor Prikkfri.
Han ha i følgje særdeles usikre kildur sprunge 1419 meter (som e rundt vatnet i Sauland) på 4.38.

Om Sigurd Bråtastul ska ha moglegheit te å ta ein “hættrikk” å kapre tre seierar på rad, må han springje de ein e go fe.

Heddølen ynskjer alle Heddølær lykke te å måtte den beste frå Heddal vinne.

Heddølens innleide sportsjournalist Torolv Åreknuten vi rapportera frå hendinga i neste veke.


Inga meiningar e ytra.

Legg at ei ytring