Budsjettflause på “Rotodden”

Notodden formannskap vedtok i hjår å kutte 2,6 mill frå Notodden-skulane frå fyste august i år.”Sjå te Heddal!”, seier ordførar i Heddal kommune, Asgeir Tovmyr.
av utanriksreportar Stein Grånbekken.

Det va eit litt ampert og uroleg fleirtal som pressa seg te å stemme fe 2,6 millionar reduksjon i Notodden-skulanes årsbudsjett. “Me ser at her må re kuttas litt”, konne Ødegård bekrefte i debatten i hjår.”Det ekkje sikkert me må kutte 9,9 lærarstillingar, fe 9,9 kan ikkje delas opp i heile enheitar”, kunne matematikklærar og rådgjevar innleid frå Gvarv stolt suplementera. “Muleg me kuttar 9 lærarstillingar i stan, så fær me hell kutte 0,9 millionar på vikarar, songhefte og kaffi”.

Nedprioritering a skule og eldreomsorg he vore ein fanesak fe fleirtalskoallisjonen i Notodden kommune, og nå fær dei endeleg gjennomslag fe det au.

“Me he jaggu stått på fe ei nedprioritering a skule og eldreomsorg i fleire år nå, og nå fekk me det jaggu som me ville”, forklarar Ødegård.

“Det he jo vore gruleg mykje kakespising på møta i Notodden kommune dei siste åra; det ekkje rart det måtte gå som det nå gjeng”, seier Hedddølens politiske kommentator. “Eg trur vel kanskje ein må se litt tebake i ti her. Notodden kommune he jo lenge vore sugen på eit landemerke som kan pryde byen, slik me he så mange a her i Heddal. Ja, det he vel vore ein misunning frå dag ein, i frå Notodden kommune si side. Dei he jo den såkalla Vannkanten da seru, som dei nå he påkoste fleir titals millionar fe å få fin. Ein kan vel trygt seie at Vannkanten-prosjektet ikkje akkurat enna på ein innertiar. Utan å gå i detaljane, så stenn det klart fe kånn Heddølar at økonomiproblemane i Notodden kommune e ei indirekte årsak a feilinvesteringar å mangel av klare og presise planar. Slik e det heldigvis ikkje her i Heddal. Urutinert esså.”, svårår kommunearkitet Jonas Bjelke te Heddølen på telefon i dag.

Notodden kommune he som vane å gå på budsjettsmellar. På eit tidspunkt tok økonomirådgjevar Torodd Rolvsen i Heddal kommune kontakt me Notodden kommune fe å få ei klargjering i om det kan hende va mangelen på realskule-kompetanse i kommunen som va problemet.

“Det e ikkje rart at Notodden kommune ikkje klarar å rekne budsjetta rækti når dei fader ikkje he lærarar te å lære upp dei framtidige ordførarane i enkel addisjon og substraksjon!”, svårå Rolvsen skarpt då me ringd’n i hjår fe å få ein kommentar.

“Sjå te Heddal!”, va rådet te Notodde kommune frå ordføraren i Heddal, då me møtt’n på Strupa massasjebad i dag. “Du kan søyå re slik – ja, eg e ordførar i Heddal. Men som elle andre Heddølar, så må eg få tåkå meg eit glas vin og eit bøble-bad i arbeidstida. Men det e fe de at me he styr på kommunen kånns, og ikkje treng å  kutte budsjett – de he me meir enn nok a her!”, va avsluttande kommentar frå  ordførar i Heddal, Asgeir Tovmyr.


Inga meiningar e ytra.

Legg at ei ytring